Bente Vigre
Forfattar av Dualle jillt, den trispråklege ordboka (jærsk/bokmål/engelsk), og blogg- og podkast-verta for Jysla jillt. Utan Bente finst ikkje dette prosjektet. Ordboka er framleis hennar eigedom — me brukar henne med løyve.
Eit ope forskingsprosjekt for jærsk dialekt. Bygd på Bente Vigre sitt språklege arbeid. Open kode under Apache 2.0.
Jærvis er den fyrste KI-en bygd for jærsk dialekt. Dei store språkmodellane (GPT, Claude, Gemini) normaliserer jærsk til nynorsk. Jærvis gjer ikkje det — han held på dei doble konsonantane, den myke d-en, og ao-diftongen.
Kjerna i prosjektet er Dualle jillt, ordboka åt Bente Vigre, som me har fått løyve til å bruka som treningsgrunnlag. Ordboka er privat. Modellen er open (Apache 2.0). Koden er på GitHub.
Når du skriv noko, sjekkar me fyrst om det står i ordboka. Gjer det det, svarar me med Bente sine eigne ord. Gjer det ikkje, tek modellen over — han er trent på materialet hennar, så han prøver å halda seg til same dialektform.
Forfattar av Dualle jillt, den trispråklege ordboka (jærsk/bokmål/engelsk), og blogg- og podkast-verta for Jysla jillt. Utan Bente finst ikkje dette prosjektet. Ordboka er framleis hennar eigedom — me brukar henne med løyve.
Prosjektleiar og einaste utviklar. Data engineer og ML-forskar. Har skrive all koden, trent modellen, satt opp servarane, og ber ansvaret for kva Jærvis er og kva han ikkje er.
Forfattar av Hagbart Sibelius-tekstane og stemma bak Jærbu Podkast. Me har løyve til å bruka 1 453 talespråks-segment frå hans arbeid. Desse ligg klar for neste retrain — dei er ikkje i modellen som er deployert i dag.